Litteratur

Varm havresuppe

Litteratur

Ein bonde frå Vestbygdi kom innom på kontoret til distriktslækjaren på Vossevangen ein gong og bad om ein resept på sprit. Han var så forkjøla og tung for bringa, sa han og meinte at spriten ville gjera han godt. DistriktsIækjaren, som var kjend som ein morosam kar, svarte:


- Nei, den beste medisin eg kan visa deg til i dette høvet, er varm havresuppe.


Seinare ein gong var den same distriktslækjaren ein tur til Vestbygdi. Der var han uheppen med bilen sin og fekk motorstopp. Medan han stend med hovudet bøygd over bilmotoren, kjem bonden framom og spør kva som er i vegen med bilen.


- Han er komen i ulag, seler lækjaren.


- Dao faor du gje han varm havresuppe, sa bonden — to tenkje eg han vetto god att.


Kilde


GLYTT AV GODTFOLK


Einar Ullestad


Rune Forlag, Trondheim 1971


Prenta av Nidaros Trykkeri


ISBN 82-523-0028-6

Varm havresuppe | Norsk Havreforening